Visste du at det var god butikk for legene på 1800-tallet å masturbere kvinner? I stedet for onani, ble datidens frustrerte fruer oppfordret til jogging og ridning, eller til å ta seg en tur innom legekontoret for underlivsbehandling.
Den romantiske komedien ”Hysteria”, som har premiere i romjulen, handler om disse såkalte hysteriske kvinnene, og Cpunktet.no har derfor tatt en prat med folklorist og seksualhistoriker Kristian A. Bjørkelo, for skjønne litt bedre hva legene egentlig holdt på med.
Hvor kom ideen om å stimulere kvinners underliv fra, at dette var måten å roe ned damene på?
– Den ideen stammar attende til antikken; sjølvaste Platon påpeikte at kvinners irrasjonelle oppførsel, deira hysteri, stamma frå ei løpsk livmor. Ulike kurar vart foreslått, men ofte peiker ein til den kjende legevitskapesmannen Galen, som på tohundretalet, foreslo jogging, riding og underlivsmassasje for å kurere hysteri. Dette for å lokke livmora på plass.
Best var det sjølvsagt at unge hysteriske jomfruer gifta seg, men i tilfelle der nonner og gamle enker var hysteriske måtte ein altså ty til andre metodar.
Hvilke damer var det som ble betraktet som hysteriske?
– Det var både kreti og pleti. Hysteria definerte ein rimeleg laust. Det er klart det var eit par verkeleg sjuke menneske blant dei som fekk diagnosen, men ein finn òg tilfelle av at kvinna simpelthen var rastlaus og irritabel.
Forsto legene at de onanerte damene? Var det noe seksuelt over det hele?
– Det varierte veldig. Nokon forstod sjølvsagt kva det var snakk om, dei var jo ikkje fullstendig idiotar, men andre meinte det var snakk om eit klårt skille. Det er underleg å lese om legar som åtvarar mot at kvinner skal massere sitt eiga underliv, for då ville det jo vere masturbasjon.
Like underleg er det å forestille seg at legane ikkje forstod samanhengen mellom det dei kalla ein hysterisk paroxysme, og ein orgasme.
Ein ting er at deira koner ikkje hadde hatt ein i lag med dei, ein annan ting er jo at det er visse felles fysiske trekk ved den mannlege og den kvinnelege orgasme. Og den mannlege orgasme burde dei i det minste kjenne til.
Hvor utbredt var denne behandlingen, og var dette noe man snakket høyt om, eller foregikk det i all sin stillhet?
– Det var sjølvsagt ikkje snakka så altfor høgt om, men heilt tyst var det ikkje. Og rykta gjekk jo blant kvinnene om dei riktig fingernemme legane, det må ein gå utifrå.
Det var iallefall nok kunder å hente av, på eit tidspunkt var innteninga på desse tenestene større enn det samla statsbudsjettet i dei foreinte statar. Det var ei gullgruve for legane som visste kva dei gjorde på.
Onanerte legene kvinnene med fingrene før vibratoren ble oppfunnet, og hvor vellykket var det?
– Ja, manuell massasje var jo det beste alternativet for legane, som tok over denne type aktivitet frå jordmødrene. Det vart tidleg eksperimentert med vannterapi (vannstråle rett på kjønnet) og liknande, for det var klart at ikkje alle legane var like dyktige, og det var ein tid- og arbeidskrevande prosess for dei. Det var ikkje lite vellukka, men mekaniske vibratorar aukte verkeleg suksessraten.
Kjøpe en fin vibrator i Cecilie Kjensli sin nettbutikk. Kun gode merkevarer.
Vibratoren en av de første masseproduserte elektriske husholdningsartikler. Hvordan ble apparatet solgt inn?
– Det var eit hyppigt brukt elektrisk verktøy, og eitt som det openbart var eit behov for i hushaldninga. Då apparata vart solgt til private brukarane vart det knytta opp til generell velvære, og ein snakka om massasjepparat. Og dei kunne jo glatt verte nytta med hell på andre kroppsdelar og.
Berre tenk på den klassiske reklamen i dei gamle Select-katalogane. Kvinna i det kvite undertøyet som masserar skuldra med ein massasjestav. Slik var det.
Reklamen frå Selectreklamen er eg forøvreg ute etter, så om nokon har den vert eg kjempeglad.
Ta kontakt hvis du har, eller vet om gamle reklamer for vibratorer og massasjestaver. Send en mail til «bjorkelo alfakrøll gmail.com».